LibreOffice 24.8 Hjelp
Opnar eit dialogvindauge for val av filer for å setja inn eit bilete i det gjeldande dokumentet.
Fildialogar – for eksempel Opna, Lagra som, Set inn tekst og liknande – er tilgjengeleg på to ulike måtar:
Det originale dialogvindauget til vindaugehandsamaren brukt av operativsystemet.
Som innebygde dialogvindauge for LibreOffice filveljar.
Bruk LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstilingar → LibreOffice → Generelt for å skifta frå det eine til det andre.
Plukk den mappa du vil ha frå nedtrekkslista eller skriv inn stinamnet. Du kan bruka funksjonen Autofullfør for å gjera det enklare å skriva.
Bruk dialogvindauget Filtenester for å kopla deg til ein tenar.
Vel ei overordna mappe frå mappestien med .
Legg ei undermappe til gjeldande mappe med .
Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.
Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.
Vel ein rammestil for biletet.
Vel forankringstypen for biletet ved gjeldande celleposisjon.
Set inn den merkte grafikkfila som ei lenkje.
Førehandsvis det valde biletet.